Selandia

O. C. Axelsens fabrikker – (og kanskje også Aarenes lærfabrikker på Drangeid) sine planar for Reppefossen.

Her har eg samla litt stoff og foto frå desse vassreguleringsplanane som det ikkje blei noe meir av.

 

Me har i 2016 vore i kontakt med både Andreas Møller (Aarenes) og Reidar Netland (Axelsen), men ingen av dei kjenner til arkivstoff om utbyggingsplanane.

 

Frå 1917 fins det arkivinformasjon frå førebuing av ei sak for Nes Herredsstyre. Det gjeld «elektriske installasjonar» i Reppestronda, og det er også tale om røyrgate. Av dette kan ein slutta at det faktisk har vore planar om kraftverk i Reppestronda. Så døydde O.C. Axelsen i 1917, og det kan vera ein viktig grunn til at det ikkje har blitt meir av planane. Vassendvatnet har eit relativt begrensa nedslagsfelt, så det er også godt muleg at nærare kalkulasjonar har vist at det var dårleg økonomi i ei utbygging.

 

Stemmane har likevel vore brukt for å regulera vannstanden i Sælura.

Torrey Reinertsen, som er fødd i 1931 på "Odden" på Drangeid kan minnast at dei sa: "Nå sleppe dei Reppefossen". Det betyr at bassenget her har vore brukt aktivt som reserve til Sælura - kanskje heilt fram på 1940-talet.

 

Det er også bygd eit reguleringsbasseng i Drangevatnet mellom Lilledrange og Skailand.

 

Nils Seland   

 

Frå bygdeboka har me saksa dette:

 

Reppefolket heldt att «grunn av stranden for sine båtnøster».

Maleri av nausta i Reppestronda. Kunstnaren er Hermod Arne.

Nausta sto ennå på 1960-talet, men er borte i 2019.

 

Tilbakemelding frå Statsarkivet i Kristiansand:

Jeg har fått oversendt din e-post fra 11.04.2016. Dessverre er det lite eller ingenting å finne i arkivene her i huset om det planlagte kraftverket i Reppefossen. Du kjenner sikkert til at det finnes tre tinglyste dokumenter vedr. fossen og vannrettigheter: skylddelingsforretning tinglyst 27.06.1916 (Flekkefjord pantebok 37-201-8), skjøte tinglyst 11.07.1916 (Flekkefjord pantebok 37-204-10) og skjøte tinglyst 15.10.1925 (Flekkefjord pantebok 40-78-23). Om ønskelig kan vi gjerne sende kopier av disse tre håndskrevne dokumentene, men så vidt jeg kan skjønne er det intet om planene for kraftverket her. Vi har også et privatarkiv fra Aarenes lærfabrikk hos oss, men de kjøpte jo halve fossen fra O.C. Axelsen først i 1925 (som en del av forliket i den omfattende rettstvisten mellom bedriftene om Selurfossen m.m.), og jeg har ikke funnet noe om Reppefossen i arkivet. Ettersom el.verket ikke ble fullført, finnes det heller ikke noe i arkivet etter Elektrisitetstilsynet 3. distrikt.

Med hilsen
Oddleif Lian
arkivar

 

Tillbakemelding frå Riksarkivet oktober 2016:

Vi har undersøkt arkiv S-6242 Vassdragsdirektoratet/avdelingen, serie Fa - Vassdragsarkivet. Vi har ikke funnet noe om Flekkefjord eller Nes, men eskene 307-317 omhandler Sira i Flekkefjord.

Med vennlig hilsen
Simon Trøan e.f.
rådgiver
Riksarkivet

 

Kart over området med markert sti (blå) og demningar (rød)

http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=4808

 

Foto frå stemmen i Vassendvatnet. Det er regulert opp ein del – kanskje 4-5 meter.

Foto frå stemmen i Vassendvatnet. Det er ting som tyder på at arbeidet blei avslutta før det var ferdig.

Foto frå stemmen i Vassendvatnet.

Foto frå stemmen i Vassendvatnet.

Foto frå stemmen i Vassendvatnet.

Foto frå stemmen i Vassendvatnet.

Foto frå stemmen i Vassendvatnet.

 

Frå demningen der røyrgata skulle starta

 

 

Her skulle nok røyrgata ha gått. Du ser Sælura med Klubbøy.

Her i den bratte lia er det nok også at Reppen hadde sine kvernhus

 

Steinbrot like ved demningen

 

Bunnen på reguleringsbassenget:

 

Steinarbeid å beundra:

Vivamus ac purus. Nullam interdum ullamcorper libero. Morbi vehicula imperdiet justo. Etiam mollis fringilla ante.

Donec et dui. Cselandia aptent taciti sociosqu ad litora torquent per conubia nostra, per inceptos hymenaeos. Etiam mi libero, luctus nec, blandit ac, rutrum ac, lectus

 

 

 

bunn